«Byrjinga av våronna»

Sjølv om gradestokken syner stundom minusgrader, er Vg3 agronomane i gang med grøftespyling. Me vel å kalla det byrjinga av våronna.

I ekrene er det lagd ned grøfter med dreneringsrøyr. Desse har som formål å drenere ut vatn i frå jorda. Då er det viktig at vatnet har fritt løp i røyra, og at dei ikkje er tette av jord, rust eller røter.

Dette arbeidet er det agronomane er i gang med å gjera. Med ein avansert og effektiv nyinnkjøpt maskin av maskinlaget, som Val er medlem i.