Jul på Val

Då har elevane tatt juleferie og freden er i ferd med å senke seg over skulen.

Dette året har me som vanlig vore i gjennom mange trivelige ting før det vart jul på Val. Det er julekalender ved frukosten, konkurranse om det finaste juleinternatet, pepperkakebaking og juleverkstad. Det er også juleshow ved hesteelevane i ridehallen og så er det finalen siste kvelden med julesamling i kyrkja på Stein, julemiddag og undreholdning ved tilsette.

I år haldt Josef Birgerson, kristendomslærar i permisjon, andakt i kyrkja. Takk til elevane som bidrog med song. Kjøkkenet stilte som vanlig med utmerka servering, med steik og pølser, riskrem og kaker, og nissehuer på kjøkkendamene. Då veit me at det er jul. Når me legg til at underhaldningsavdelinga hadde brukt desemberkveldane godt, så kan me sjå tilbake på ei både god og artig juleavslutning.

Jula markerer også slutten på fyrst halvåret på skulen. Det har vore ein god periode. Me er takknemlige for alle dei flotte elevane som starta opp dette året og som no alt er halvegs i skuleåret. Takk for at de valde Val og takk for alle dei gode bidraga de har kome med så langt!

Eg vil takke for 2016, ynskje alle ei velsigna jul og velkommen tilbake til eit godt Val-år i 2017!

Helsing Kjartan Åsebø