Åpen gård

Siste laurdagen i mai var det igjen Åpen Gård på Val, med blå himmel og god varme i solveggen. Dette var fyrste gang i det nye tunet, så ein del tok nok turen for å få eit inntrykk av det nye anlegget.

Utanom at arrangementet var flytta, så var det tradisjonelt program. Det var ulike aktivitetar og konkurransar, slik som rundballerulling, bogeskyting, halding av mjølkespann, bondegolf og opning av brusflaske med lasteapparat. Mange kjøpte grillmat eller rømmegraut og Tine og Nortura var med og delte ut smaksprøver av det som dei har å by på. Rideshowet til slutt var så populært at dei måtte ha to oppvisingar for at alle skulle få sjå.

Det var som vanlig mange som tok turen. Ut frå bilane, matsalet og skoovertrekka i fjøset, var det truleg 600-700 menneske innom. Det er kanskje rekord og sjefen for det heile, inspektør Leif Arne, var godt fornøgd med gjennomføringa. God fordeling av oppgåvene til ein motivert gjeng av elevar og tilsette er viktig for at ein slik dag skal gå etter planen.

Mange av dei som kjem til Val denne dagen har enno nokre år på seg før dei treng å tenkje på vidaregåande skule. Dei gleder seg over å få klappe lamma og sjå på grisane. Ein tur opp i traktorane, is og pølse og så toppe det med ein tur på hesteryggen. Då kan foreldra glede seg over trøytt og god stemning i bilen på veg heimover igjen og me håpar ungane spør om ikkje dei kan reise tilbake i morgon.